Tilbake


Dette er 242'en til Roar på NAF'en i Knarvik, som eg har hjelpt til med ombygginga av. Utgangspunktet var ein 242 frå 1981 med ein kjip B21A. Nye planer vart lagt når eg var innom NAF'en for EU-kontroll på våren 2006, og var litt lausmunna når det gjaldt motorskiftet i DaButchers 242. B6304 måtte det bli!!!


Roar starta med å fikse karroseriet. Her skulle ingenting vere halvgjort... Hjulbuer og kanaler vart bytta, det samme med framskjermer og panser. Snutepanser naturlegvis. Roar ville ikkje ha listene langs sida, og sveiste att hola. Det var også eit par hol i golvet som måtte fiksast. Eg tipsa om ein '91 960 med byttemotor på Blocket, og det tok kun kort tid før Roar var på flyet til Stockholm for å hente den.


Eg lagde nye motorfester etter same design som til DaButcher. Dette designet nytter originale festepunkt i traversen, og standard 240 diesel motorputer. Desse tilsvarer vanlege motorputer, men er sterkare. Samstundes pussa Roar opp motorrommet, med ny lakk og rydding i kabler.


Motoren passer perfekt!!!



Radiatoren med oljekjøling for automatkassen og kjølevifte fra 960 delebilen passer også bra med litt "justering" (hørte eg nokon seie vinkelsliper) av tverrbjelken framme. Med 960 radiator passer også oljerøra til automatkassen perfekt. Denne motoren har ikkje oljekjøler, men med automat er den stort sett tenkt til cruising, og då bør det ikkje verte eit problem.


For å ta opp dreiemomentet til motoren uten å belaste motorfesta for mykje, la vi til eit dobbelt støttestag på eksossida av motoren, ut mot fjørtårnet.


På ein tur til Sverige tok eg med to 3,73 bakakslinger frå JB Bildemonterning i Jönköping. Den eine skal eg ha sjølv, den andre pussa Roar opp til prosjektet. Akslingen vart sandblåst og malt, og alle bremsedeler bytta. Differentialen vart bytta ut mot ein Truetrack diffbrems.


Eg måtte dreie ned diameteren på differentialhuset til 111mm for å kunne presse på tonehjulet til 960. Dette for å få rett signal frå bakakslingen til hjernane til automatkassen og motorstyringa.

Eg målte høgdedifferansane mellom den originale diffen og truetrack'en for å finne ut kor tjukke shims eg måtte ha for å få rett forspenning og spel mellom kronhjul og pinjong i bakakslingen. Dette krev at du bruker dei originale lagra, ellers må også høgdedifferansen mellom gammalt og nytt lager målast.


Det elektriske vart kopla inn mot det originale elsystemet i bilen, og hjernane montert på passasjersida.


Tonehjulet i bakakslingen var som sagt frå 960 for å gi rett signal til motor og girstyringen. Det har 48 tenner mot 12 for vanleg 240. Vi ville nytte eit 86+ speedometer for å halde dashboardet originalt. Kopla til givaren i bakakslingen ville det vise 4 ganger rett fart. Etter litt måling på 960 speedometeret fann eg ut at det ga ut eit 48 pulsers firkantsignal til automathjerner og eit 12 pulsers signal til motorstyringa. Akkurat det vi trengte!!! Krestkortet til 960 speedometeret vart demontert og sett inn i ein eigen boks for å fungere som signalgenerator til motor og girstyring + 240 speedometer.


Vi starta med å koble både motorstyring og speedometer til same 12-puls utgang på 960 kretskortet, men det fungerte dårleg då dei forstyrra kvarandre... Tid for litt tenking, og løysinga vart eit lite kretskort med eit par transistorer for å splitte signalet opp i to uavhengige signal, sikra med eit par motstander mot for høg straum. Med dette oppsettet fungere både speedometer, girstyring og motorstyring som originalt.

Når alt det tekniske var på plass, var det tid til å få fokus tilbake på karroseriet. Roar sendte vekk bilen for lakkering i Ford Focus ST "Electric Orange". Ingen fare for å miste den på parkeringsplassen i alle fall!!!

Bilen kom tilbake frå lakkering fredagen før Vallåkra 2007, etter utsetting etter utsetting frå verkstaden. Kappløpet var i gang for å få bilen klar. Å kjøre 940'en min til Sverige ville vere eit nederlag. I helga vart interiøert vaska og rydda etter lakkjobben, og listene rundt siderutene + diverse anna montert. Ny frontrute + gamal bakrute vart montert på tirsdagen med nye lister. Felger og dekk lot vente på seg, men var på plass onsdag kveld, og Roar tok ein liten prøvetur. Torsdag var det kobling av lys. Når lysproblema var løyst, var det tid for nok ein prøvetur, denne på svimlande 5 km!!! Fredagen var det siste hand på det elektriske, og montering av dei siste listene, før vi lasta inn bagasjen, kryssa fingrane og la ut på ein 2000km prøvetur, meir eller mindre utesta...

Som de ser av bileta kom vi fram, og utan eit feilslag. Det einaste vi kunne klage over var at bakhjula var litt breie (225/40R18) for skjermkantane bak, så dei må "justerast" (vinkelsliper anyone???)







Ein fornøyd eigar...


Tilbake